Me leverer kjøt av grasfôra storfe til privatkunder og restauranter, og har også ein liten marknadshage for sal av grønsaker. Me har hatt økologisk drift på garden vår sidan 2004 (Debio sertifiseringsnr. 13726). I tillegg driv me etter regenerative prinsipp, som vil sei at me brukar metoder for bygge opp og vedlikeholde jordliv og økosystemer. Dyra våre av den utryddingstruga, lokale storferasen Vestlandsk fjordfe. Og som vår kunde bidreg du altså til å oppretthalde denne bestanden. Kalvane kjem til verda i perioden mars–juli, og lever saman med mora heile livet. Frå mai og til midt i oktober beitar dyra i utmarka rundt garden og i fjellbeita. Urter, bladverk, lyng og gras er hovudnæringa til dyra, og dei får særs lite kraftfôr. Dette gir kjøt av særs høg kvalitet. Me leverer kjøt/grønsaker på Voss og i Bergen, både på faste henteplassar og via REKO-ring. Kontaktinfo:
[email protected]
tlf.: 93 09 25 24