Indre Bjotveit Gard

Indre Bjotveit Gard Me er ein liten fruktgard i vakre Hardanger som byr frukt, honning og historisk overnatting. Bed & breakfast.

Det er ikkje berre frukt, honning og eplesaft me kan tilby på Indre Bjotveit Gard – sidan i fjor kan ein òg overnatte her. Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart bygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv Brødrene Bjotveit kunstmøbelfabrikk. Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå denne tida, og me vil såleis sk

ape eit levande museum og minne om kunstmøbelfabrikken. På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.

Adresse

Bjotveit. Kinsarvikvegen 1195
Bjotveit
5780

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Indre Bjotveit Gard legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Indre Bjotveit Gard:

Del