Flora Turlag

Ring Nettsted Kontakt bedriften

Flora Turlag Flora Turlag skal arbeide for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvenneleg friluftsliv 🤩

Endeleg godvêr då 23 turgåarar la i veg mot  Stillebåen delvis via den nye vegen og den gamle stølsvegen frå Klauene mot...
29/09/2026

Endeleg godvêr då 23 turgåarar la i veg mot Stillebåen delvis via den nye vegen og den gamle stølsvegen frå Klauene mot Keipevatnet og vidare mot toppen. På Stillebåen som er toppen mellom Klauekeipen og Tedalskeipen, er der aldri vidstille, men namnet kjem visstnok av at når ein skulle ta kursen inn frå havet, var toppen eit godt méd for å stille kursen. Det trur dei i alle fall nede på gardane i Klauene.
Der er store omskifte i lia opp mot Keipevatnet i dag. Noko av den gamle granskogen er borte, der er kommen eit kraftverksinntak og røyr i bakken, og no blir siste grøfta graven for reservevassrøyret til byen.
Sjølv om Stillebåen ligg ein del lågare enn begge dei nemde Keipane, gir toppen flott utsikt i alle retningar.
Turen kan opplevast noko krevjande med bratte motbakkar, glatte steinar der stien går gjennom granskogen og eitt skummelt myrhol for den som går først!
Men alle kom vel både opp og ned, sidan vi valde å gå vegen nedatt. 😉
Ein kjekk tur med naturoppleving, godt drøs, litt gammal historie om stølsdrift med meir og visn om nyare tider og ny næring til fjellgardane nede ved sjøen.

Dette skjer i veke 40 🍁Tysdag 29. september 🍂 Tysdagsturen komande veke går i opphaldsvêr til Stillebåen. Vi møtast på p...
28/09/2026

Dette skjer i veke 40 🍁

Tysdag 29. september
🍂 Tysdagsturen komande veke går i opphaldsvêr til Stillebåen. Vi møtast på parkeringa på Evja og samordnar bilkøyring til Klauvene ⛰️ Avreise kl. 09:30. Turleiar er Svein Nødseth. Stillebåen er 575 moh og ligg foran og mellom toppane Terdalkeipen og Klauvekeipen. Gåtid ca 3 timar tur-retur 🚶🏽‍♀️

Onsdag 30. september
🍂 Onsdagspadling 🚣 Vi møtast på Parkeringsplassen ved Leira/Brandsøy Planteskule. Frå der padler vi langs sørsida av Brandsøy og Solheim ut til DNT Naustet på Prestholmen. Etterpå blir det kanskje nykokte krabber på brygga 🦀 Det er gratis for alle påmeldte. Ta med varm/kald drikke, hodelykt og godt humør. Dette blir kjekt!

Meir informasjon om turane finn du ved å trykke på lenka under 👇🏽
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/vare-fellesturar/

Tysdagsturen komande veke går i opphaldsvær til Stillebåen. Vi møtast på parkeringa på Evja og samordnar bilkøyring til ...
27/09/2026

Tysdagsturen komande veke går i opphaldsvær til Stillebåen. Vi møtast på parkeringa på Evja og samordnar bilkøyring til Klauvene. Avreise kl 9:30.
Turleiar er Svein Nødseth.
Stillebåen er 575 moh og ligg foran og mellom toppane Terdalkeipen og Klauvekeipen.
Gåtid ca 3 timar tur retur.

Tysdagsturen besøkte denne veka turlaget si neste DNT hytte. Turlaget har kjøpt skulehuset på Askrova  og skal bygge det...
23/09/2026

Tysdagsturen besøkte denne veka turlaget si neste DNT hytte. Turlaget har kjøpt skulehuset på Askrova og skal bygge det om til eit friluftssenter - ein møteplass for friluftsliv med fokus på naturformidling, kystkultur, overnatting, aktivitet og frivillegheit.
Etter å ha sett oss om både ute og inne gjekk vi deler av den gamle skulevegen frå Hammarset. Vi kom opp på stien som går utover fjellet, gjekk til hytta Draumeplassen og gjekk nedatt stien til Sunde, rundt Kråkehåjen.

Program for veke 39 ✨Måndag 21. september🌿 TurboKlubb på tur - Storåsen. Nils Magnus Eliassen og René Korneliussen er tu...
20/09/2026

Program for veke 39 ✨

Måndag 21. september
🌿 TurboKlubb på tur - Storåsen. Nils Magnus Eliassen og René Korneliussen er turleiarar. Oppmøte kl. 17:00 ved Flora ungdomsskule snuplass. Vi minner om at på alle Barnas Turlag sine turar og arrangement har foreldre/omsorgspersonar ansvaret for sine eigne barn. Barnas Turlag sine arrangement/aktiviteter har ikkje turavgift.

Tysdag 22. september
🌿 Tysdagstur til Askrova. Avreise med rutebåten frå Florø Hamn kl. 09:00. Vi går vegen utover til skulehuset/DNT-hytta 🍂 Der får vi informasjon og omvisning med Jan Arne Holm. Etter matpausen går vi opp stien bak skulen («myravegen») og vidare opp til Vardane. Tur til hytta Ørnereiret og Skaret om det blir tid før retur til Sunde og kaia kl. 15:00 🌊 Om ein ikkje vil gå turen opp på fjellet, kan ein gå vidare på vegen ut i Valvika og gå vegen tilbake. Rutebåt kl. 15:00 til Florø 🛳️

Meir info og påmelding finn du på vår nettside, lenke nedafor 👇
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/vare-fellesturar/

Tysdag var det 11 stk som møttes på parkeringsplassen på Evja får å gå tur. Værmeldinga var ikkje av det beste slaget, s...
16/09/2026

Tysdag var det 11 stk som møttes på parkeringsplassen på Evja får å gå tur. Værmeldinga var ikkje av det beste slaget, så det var planlagt ein bynær tur.
Første stop på turen var informasjonsskiltet ved Havhesten. Der orienterte Øyvind Kleiven om bygging av kanalen, og om bygrensa, når Florø by vart grunnlagt i 1860.
Vi fortsatte den planlagte turen over Kleiva, Lilleåsen, Storåsen og enda opp på Sørstrand presis klokka 12.
Værvarslaren holdt det han hadde lova, så det regna jamnt på heile turen.

Tysdag 15.september ser det ut til å bli mykje regn.Så det blir ein nærtur i byn. Vi møtast på Evja og går innover, over...
13/09/2026

Tysdag 15.september ser det ut til å bli mykje regn.
Så det blir ein nærtur i byn. Vi møtast på Evja og går innover, over Nygård, Kleiva, Lilleåsen, over Storåsen til Sørstrand der kafeen er open. Etterpå går vi heim. Turleiar er Svein Nødseth.

Ny påmeldingsfrist - 15. september! Unge Naturtalenter 2026/2027Bli med på Unge Naturtalenter! 💚Er du mellom 15 og 19 år...
12/09/2026

Ny påmeldingsfrist - 15. september! Unge Naturtalenter 2026/2027
Bli med på Unge Naturtalenter!
💚Er du mellom 15 og 19 år og klar for eit år med friluftsliv, utfordringar og nye venner?

Unge Naturtalenter er eit gratis, årslangt program der du får lære friluftsliv gjennom ekte opplevingar ute i naturen.
📅 September–juni
📍 Samlingar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord
👥 15–19 år
🚍 Mogleg å reise med offentleg transport
💸 Gratis (krev DNT-medlemskap)

Dette får du:✨ Toppturar, klatring og padling✨ Overnatting ute gjennom året✨ Kurs og sertifiseringar✨ Nye venner og sterke opplevingar

📝 Påmeldingsfrist: Vi har forlenga påmeldingsfristen frå 1. til 15. september. Første samling blir på Kaupanger 25.-27.september.
Vi håpar fleire vil gripe sjansen til å bli med på Unge Naturtalenter!

Påmelding og meir informasjon finn du på vår nettside, link nedafor 👇
https://www.dnt.no/dnt-der-du-er/dnt-sogn-og-fjordane/flora-turlag/vare-fellesturar/

På onsdag tok padlerar i turlaget turen til Fanøy 🚣‍♀️ På grunn av mykje vind fant vi ei alternativ rute rundt Vevlingen...
12/09/2026

På onsdag tok padlerar i turlaget turen til Fanøy 🚣‍♀️ På grunn av mykje vind fant vi ei alternativ rute rundt Vevlingen på 8,5 km. Ein tur som overraska stort; det var veldig fint! Vi fekk både gammal sjø og vind, og flatt hav 🌊 Utfordrande og kjekt! Takk for turen! ✨

Foto: Tine Holvik

Forrige helg hadde vi ei strålande padlehelg i vakre Smørhamn! 🚣🏻‍♀️ Vi padla frå Smørhamn til Grotlesanden laurdagen, o...
10/09/2026

Forrige helg hadde vi ei strålande padlehelg i vakre Smørhamn! 🚣🏻‍♀️ Vi padla frå Smørhamn til Grotlesanden laurdagen, og søndagen padla vi frå Grotlesanden vestover til grotta 🏖️ I tillegg hadde vi trivelige kveldar saman både på Smørhamn Handelsstad og hos Lisbeth på skalldyrkveld 🦐 Takk til deltakerane som kom frå heile Vestlandet. Det var rett og slett ein strålande gjeng! 🙌🏼

Foto: Tine Holvik

Adresse

Florø
6900

Åpningstider

Mandag 10:00 - 15:00
Tirsdag 10:00 - 15:00
Onsdag 10:00 - 15:00
Torsdag 10:00 - 15:00
Fredag 10:00 - 15:00

Telefon

+4790699057

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Flora Turlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Flora Turlag:

Snarveier

Del