Sønstabø bruk nr 3

  • Home
  • Sønstabø bruk nr 3

Sønstabø bruk nr 3 Heilt vest i havgapet på Bømlo driv me ein liten eplehage på 2 mål med tilhøyrande mosteri.

Det første epletreet vart planta i 2019, og i dag finn du ca 130 tre av robuste sortar som held seg friske og gir god avling her ute i blesten.

Då var sjølvbetjeningskassen fylt opp og klar for å freista forbipasserande🏃‍➡️🍎
25/09/2025

Då var sjølvbetjeningskassen fylt opp og klar for å freista forbipasserande🏃‍➡️🍎

Då er me godt i gang med årets eplepressing, og me har no most av Katja klar for sal🙂🍎🥂Enn så lenge kan dåke gi meg besk...
20/09/2025

Då er me godt i gang med årets eplepressing, og me har no most av Katja klar for sal🙂🍎🥂

Enn så lenge kan dåke gi meg beskjed på tlf 99047716 for å kjøpa, sjølvbetjeningskassen kjem opp om litt.

Varmt og godt haustver har fått fart på modninga i år. Og jaggu ser det bra ut i år og! Katja blir glansfull når den er ...
09/09/2025

Varmt og godt haustver har fått fart på modninga i år. Og jaggu ser det bra ut i år og!

Katja blir glansfull når den er fullmoden, og mosten blir best om dei blir hausta etterkvart som dei modnar. Pressinga blir litt seinare enn i fjor, men eplemosten er nok klar i løpet av 2 vekes tid🍎🍷 Oppdatering kjem her på sida!

18/05/2025
Da var bløminga for alvor i gang på Sønstabø, med et gult løvetanndekke på bakken som lokkemiddel for biene. Berre å kry...
14/05/2025

Da var bløminga for alvor i gang på Sønstabø, med et gult løvetanndekke på bakken som lokkemiddel for biene. Berre å krysse fingrane for at biene finn fram til blomen og ikkje bles vekk i nordavinden!

I år slo det til med stor avling i eplehagen her i blesten, vest på Bømlo. Eplepressa har gått i heile september, og me ...
28/09/2024

I år slo det til med stor avling i eplehagen her i blesten, vest på Bømlo. Eplepressa har gått i heile september, og me har no klar følgande for sal gjennom Reko Sunnhordland, og direkte fra garden. Volumet er ikkje stort, så her er det første mann til mølla som gjeld🥂

Eplemost Katja - hovedsorten her i hagen, ein skikkelig tøffing som elskar det værharde klimaet her vest. Gir ein nydelig fyldig og frisk eplemost!

Eplemost Discovery - er planta innimellom meir rouste sortar, me har ei lite parti med herlig, aromatisk most med ein knall rosa farge.

Eplemost Aroma - ein sein eplesort som er planta på den aller beste plassen her i hagen. Ofte tar vinden ned epla før dei er klar, men i år er dei prefekte og gir ein kraftig, rundt most med god sødme.

Address

Hallaråkervegen 251

5430

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Sønstabø bruk nr 3 posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

  • Want your business to be the top-listed Grocery Store?

Share